REKO-ringen Sandes/Stavanger

K V A E R R E K O
Ein enkel distribusjonskanal for primærprodusentar og mathandverkarar. Ein REKO-ring fungerer som kontaktplattform mellom forbrukarar og lokale produsentar. Lokal mat blir lettare tilgjengelig for kunden og produsenten kan selje sine varer effektivt utan mellomledd. REKO-ringer kan bidra til at produksjon på mindre gardar, som har ei ekstensiv drift kan oppretthaldast. Produsenten får betre lønnsemd ved å forenkle distribusjonen samt kutte ut mellomledda.

S A L S P R O S E S S E N
Produsentar annonserer kva slags produkt dei har for sal.-Kundar bestiller varer ved å kommentere den respektive annonsa, og presiserer kva slags varer og mengda dei ønskjer å bestille.-Produsenten vil bekrefte bestillinga.-Alle bestillingar er bindande og varer må hentast på avtalt tidspunkt.- Sida tillet ikkje diskusjonar eller innlegg frå forbrukarar, men berre annonser frå produsentar. Vi må vere restriktive for å halde fokus på sal.- Kundar må unngå å stille spørsmål i kommentarfeltet, men er velkommen til å kontakte produsenten gjennom messenger eller e-post.

P R O D U S E N T A R
Retningslinjer for produsentar:- Alle innlegg skal starte med datoen for utleveringa. Eks: "Torsdag 14. desember 2017. har eg følgjande varer du kan bestille:".- Annonsa må beskrive klart: produkt, pris, mengde.- Annonsen skal innehalde ei kort beskriving av garden / bedrifta og ei beskriving av produksjonsprosessen og merkinga: råvarene som blir brukt, om det brukast plantevernmiddel, Debio-økologisk sertifisering, eller konvensjonelt drift, kraftfôr, tal dyr i besetingen, etc.- Prisar på varene må vere marknadskonfigurert. "Dumping" priser er derfor ikkje tillete- Berre eit innlegg per produsent.- Ingen sal på staden. Berre sal av førehandsbestilte varer.- Det er produsenten sitt ansvar og plikt å overhalde dei norske lovene om hygiene og registrering hos Mattilsynet og overhalde skattereglar.- REKO-ringen tillet berre sal av produkt eller biprodukt laga av produsenten. Eks: Lammeskinn, bivoks, frøplantar, grønnsaker ...- Produsentar må legge inn annonse seinast ei veke før utleveringa.

U T A N M E L L O M L E D D
Det er berre tillete å selje eigenproduserte matvarer og eventuelle biprodukt frå matproduksjonen.

GRATIS
Det er gratis å delta, Så ingen medlemsavgifter frå produsentar eller kundar.

ANSVAR
Produsentar forpliktar seg til å ta ansvar for å følgje regelverket med matsikkerheit og skatt.

DIALOGREKO-ringer handlar om å bevare kontakten mellom produsenten og kunden.